Klima 2050-innlegg på NORADAPT-timen

Samfunnet treng betre verktøy for å handtere klimautfordringane vi står overfor, med meir nedbør og meir styrtregn, og for å sette kommunane i stand til å handtere ansvaret for klimatilpassing. Klimatilpassing av areal, bygningar og infrastruktur er fleirfagleg og involverer ofte mange ulike kommunale einingar. Difor er det viktig at kommunane på dette temaet utviklar ei arbeidsform der arbeidet skjer på tvers av kommunar og fagområda i kommunane.

I webinaret Noradapt-timen 25. november møter du forskere frå Klima 2050 som presenterer nye, praktiske verktøy for rettleiing innan klimatilpassing. Opning av bekker er eit tiltak dei kjem spesielt inn på. Les meir om webinaret og meld deg på her.