Klima 2050 forsking i ZEB-laboratoriet
Her er omtale av fem Klima 2050 aktivitetar i ZEB-laboratoriet.
1. Nytt konsept for overvannshandtering
ZEB-laboratoriet har ein kombinasjon av mange fordrøyningsløysningar. Vi samlar takvatn, regnvatn frå asfalterte flater, regnbed og andre grøne areal til eit eiget fordrøyningsmagasin, Alma Smart tank, utvikla av Skjævelandgruppen. Ved montering av måleinstrument i tanken kan vi sjekke avrenning frå kvar av løysningane og for samanlikning. Slik kan vi skaffe eit underlag for å skreddersy ulike kombinasjonar av fordrøyningsløysningar med ulik avrenningsprofil til lokale forhold og krav. Anlegget blir følgt opp av masterstudent Eirik Kjellsen no i vår.
Les meir:
2. Smart dampsperre i kompakt tretak
Vi ønskar å tilrettelegge for bruk av tre som bærekonstruksjon i større bygningar. Effektive og kostnadsoptimale byggeteknikkar som samtidig er fuktrobuste, er etterspurte. Vi prøvar i ZEB-laboratoriet ut ein skrå ulufta takkonstruksjon med sperrer i tre, mineralullisolasjon mellom sperrene og damptett undertak. Konstruksjonen lar seg gjere ved bruk av Isola AirGuard® Smart2 fuktadaptiv dampsperre. Taket blir i vår følgt opp av masterstudent Tobias Robstad. Vi presenterer i tillegg foreløpige resultat i paper til den internasjonale bygningsfysikkonferansen i København i august.
Les meir:
Bunkholt, Kvande & Gullbrekken: Pilotprosjekt | Smart dampsperre ZEB-laboratoriet. Premisser og trefuktmåling. Klima 2050 Note 112. Trondheim 2020
3. Byggeteknikk for integrerte solcelletak
Det nye nullutsleppslaboratoriet til SINTEF og NTNU har ein ZEB-COM ambisjon. Med det meiner vi at fornybar energiproduksjon på bygget i løpet av 60 år skal kompensere for klimagassutslepp frå produksjon av bygningsmaterial, bygging og drift av bygget. Å bygningsintegrere solcellepanel og utnytte eigenprodusert elektrisitet i byggefasen var eit sentralt grep for å klare ambisjonen. Samtidig er det ca 20 m lange glatte taket utfordrande når det gjeld lufting og handtering av regn og snø.
Les meir:
Johansen & Stagrum: Takrenne for BIPV-tak. Byggeindustrien 10/2019 s 32
Kvande, Time & Tällberg: Å bygge med eigen solstraum. Byggeindustrien 3/2021 s 24
4. Klima bak lufta kledning og tekning
Vi har instrumentert luftespaltene under det bygningsintegrerte solcelletaket, bak trekledninga og bak solcellekledninga. Vi logger temperatur og for nokre plassar også fuktigheit med mål om å avklare kva for temperaturar og fuktnivå vi kan få i luftespalta. Erfaringane vil vere sentrale ved utarbeiding av nye retningslinjer for solcellekledning. Vi ønskar å gi svar på korleis spalteåpningar og luftespalta bør utformast for å sikre god nok uttørking og samtidig hindre inndrev. Erfaringane vil også vere sentrale i utvikling av metodar for laboratorieprøving av teipløysningar for vindsperrer. Målingane blir følgt opp av masterstudent Jørgen Haldorsen Tomren no i vår.
Les meir:
Johnsen, Andenæs & Gullbrekken: Kan vi tape bygninger? Byggeindustrien 11/2020 s 31
Rønningen: Feltstudie av klimatiske forhold i luftespalter bak kledning og taktekning. Master Thesis. NTNU, Trondheim 2020
5. Byggeprosesserfaringar
ZEB-laboratoriet har gjennom heile utviklings- og byggeprosessen vore ein sentral erfaringsarena for Klima 2050. Ved å kople på studentar gjennom prosjekt-, master- og PhD oppgåver har vi fått tilført prosjektet ekstra kunnskap og arbeidsinnsats. I tillegg har vi hatt god hjelp frå studentar til å hauste erfaringar frå prosjektet. PhD kandidat Atle Engebø har følgt heile prosjektet for å evaluere gjennomføringsmodellen vi bruka.
Eksempel på erfaringar:
Time & Geving: Å bygge med massivtre i regnvær. Byggeindustrien 1/2021 s 2-3
Engebø, Lædre & Klakegg: Samspill i tidligfase; noe mer enn kontrakt. Byggeindustrien 08/2020 s 25
Kvande, Time & Almli: Lite er godt. Byggeindustrien 14/2019 s 30